Europa er inne i ei kraftkrise som fyrst og fremst kjem av tøffe klimamål og for sein utbygging av fornybar energi, men også av høg gasspris, krigen i Ukraina, tørke og problem og ned stenging av ein del kjernekraftverk. Med den tette koplinga Sør-Norge har fått til kraftmarknaden i EU og Storbritannia har vi for fulle fått merke konsekvensane i form av uvanleg høge og variable kraftprisar, også i sommar.

Med mindre det blir vesentleg meir nedbør framover, avslutning på krigen i Ukraina og lågare gasspris, vil kraftprisen venteleg bli endå høgare i vinter. I alle tilfelle vil mangel på stabil fornybar energi i Europa lenge framover sørge for høge og variable kraftprisar. Kraftprodusentane i Norge, som stort sett er eigd av stat og fylkeskommunar, tener store pengar på den høge kraftprisen medan hushald og næringsliv får ein kraftig auke i kostnadane sine.

Kraftstøtta har ein viss effekt for hushald og etter kvart for deler av industrien, men vil i liten grad redusere kaoset i kraftmarknaden, fordi dette ikkje grip fatt i den fundamentale og langvarige mangelen på kraftbalanse i Europa når fossil energi raskt skal fasast ut.

I denne situasjonen ser eg med undring på at mange organisasjonar og akademikarar uttalar seg på ein måte som tyder på at dei meiner at jo høgare kraftpris desto raskare grønt skifte i Europa. Ei slik halding vil vere ein bjørneteneste for klimapolitikken i Norge og EU.

Ja, vi treng høgare kraftpris også i Norge som del av det grøne skiftet for å økonomisere betre med krafta og stimulere ny, grøn industri. Men vi treng ikkje ein pris på for eksempel fem kroner per kWh, fordi det vil lage så store problem for folk og næringsliv at støtta til det grøne skiftet blir redusert og dermed vanskelegare å gjennomføre.

Hugs at folk sin økonomi også er pressa av prisauke på fleire andre område og av rask renteauke. Tenk på dei gule vestane i Frankrike. Eit skritt fram kan bli to tilbake. Eit eksempel er at Rec Solar Norway stoppar produksjonen på grunn av høg kraftpris og kanskje vil bli lagt ned. For høge kraftprisar vil gjere det mindre attraktivt å etablere batterifabrikkar og anna ny, grøn industri i Norge, til tross for alle festtalane fylt av store vyar.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.