Takk til Katrine Tjølsen for kronikken i DN 19. juli om bitcoins energibruk og grønare alternativ. Tjølsen gir ein god beskrivelse av bakgrunnen for energibruken i bitcoin og får fram det viktige poenget at energi­bruken handlar om sikkerheit. Men ho hoppar litt for raskt frå beskrivelse til konklusjon.

Lesaren får inntrykk av at det berre er å skifta konsensusmekanisme, så er alt ok og energi­bruken redusert med over 99 prosent. Men så enkelt er det ikkje. Det er nok å sjå på ethereum som har streva med dette i fem-seks år og enno ikkje har klart å innføra bevis-på-innsats (BPI). BPI er komplisert, og kompleksitet er som kjent den største faren for sikkerheitsløysingar.

BPI er komplisert, og kompleksitet er som kjent den største faren for sikkerheitsløysingar

Den viktigaste læresetninga i bitcoin er å ikkje stola på nokon, men verifisera sjølv («Don’t trust. Verify!»). Bevis-på-arbeid (BPA) er ein mekanisme som gjer det veldig lett å verifisera at blokkjeda du blir presentert for, er korrekt. Tilsvarande finst det ingen god måte å gjera dette på i BPI. Der må du stola på nokon andre.

Eit anna problem er at det i utgangspunktet ikkje kostar noko å satsa på to greiner av ei blokkjede som har vorte splitta («nothing at stake»). Igjen er dette umuleg i BPA der energien berre kan brukast ein gang, og ein må velja kva grein ein vil satsa på. Det finst måtar å komma rundt problemet på i BPI, men igjen er kostnaden auka kompleksitet.

Svein Ølnes
Svein Ølnes

Til slutt er det eit stort problem at BPI fører til at dei som har mykje får meir. Som Tjølsen skriv, treng du ein god del ether får å få lov til å delta i valideringa av nye transaksjonar og blokker. Dei fleste ether finst på vekslingstenester, og det er fare for at desse får stor innflytelse på utviklinga i ethereum gjennom å kontrollera store mengder av valutaen.

Tjølsen peiker til slutt på alternativa Cardano og Solana. Men det er først og fremst gode eksempel på korleis alternative konsensusmekanismar fører til meir sentralisering.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.