Tiltaka mot koronapandemien reduserer lidelse og død for somme, men aukar lidelse og død for svært mange fleire.
Av dei ulike tiltaka regjeringa har sett inn for å dempe pandemien, skiljer nedstenginga av skular, universitet, idrett, kultur og næringsverksemd seg ut som svært tvilsam. Det er stor usikkerheit knytta til effekten desse nedstengingane har hatt på å hindre sjukdom og død. Samstundes har dei hatt store skadeverknader på befolkninga elles.
Etterkvart som talgrunnlaget kring pandemien blir betre, blir det òg viktig å ta det nytteetiske perspektivet. Sidan styresmaktene verkar å ha vanskeleg for å sette tal på skadeverknadane av nedstengingane for oss, får vi gjera det sjølve.
Nedstengingane som styresmaktene har iverksett i ulike sektorar i løpet av det siste året har gjeve oss:
- 8000 sparte leveår frå avverging av koronadødsfall — 6900 kvalitetsjusterte leveår (KL) vunne. Dette er rekna ut som eit konservativt anslag basert på skilnaden mellom "Åpent“ og "Lukket“-strategiane som modellert av FHI.
- 5000 færre leveår med koronasjukdomsforløp — 1700 KL vunne. Dette er rekna ut som førre punkt basert på tid med sjukdom, inkludert effekten av innlegging på sjukehus.
Nedstengingane har også tatt gode leveår:
- 90.000 leveår i arbeidsløyse — 9000 KL tapt. Vi anslår her at 75 prosent av den ekstra arbeidsløysa skuldast nedstenging.
- 100.000 leveår i einsemd og isolasjon — 16.000 KL tapt. Dette er estimert på bakgrunn av rundspørring frå Opinion.
- 110.000 leveår prega av fysisk vald frå vaksenpersonar i oppveksten — 5000 KL tapt. Dette er framtidige leveår påverka av auke i vald mot barn og unge, estimert på bakgrunn av rapport fra Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress.
- 13.000 tapte leveår på grunn av redusert fysisk aktivitet — 10.000 KL tapt. Dette er eit grovt anslag basert på rundspørring frå Opinion.
- 300.000 leveår med redusert sosial utvikling, livsutfalding og læring blant unge — 15.000 KL tapt. Her anslår vi at kring halvparten av dei unge opplever dette, med fem prosent reduksjon i livskvalitet i snitt.
Dette er forsiktige anslag av dei negative verknadane, og inneheld berre eit lite utval av negative verknader som vi har klart å talfeste. Talgrunnlag og utrekningar finst ope tilgjengeleg for innsyn og kritikk.
Tala kan til dømes tolkast dit at nedstengingane til no har gjeve 11 leveår med arbeidsløyse for kvart sparte leveår (123.000/8000 = 11 leveår). Ved å sjå på forholdet mellom positive og negative verknader av nedstenging på denne måten, kan vi illustrere avveiinga vi står ovanfor med følgjande spørsmål:
Det er slike målretta tiltak i kombinasjon med raskast muleg gjenopning vi burde diskutere; ikkje smittetal åleine
Ville du ha valt eit ekstra leveår mot slutten av livet i byte mot ein valdeleg barndom, ei ungdomstid utan sosial omgang og ei studietid sittande aleine på hybelen, 11 år i ufrivillig arbeidsløyse, 12 år i sterk einsemd og lange periodar med dårleg fysisk form?
Ikkje det, nei?
Då bør du be styresmaktene revurdere bruk av nedstenging i handtering av koronapandemien.
For å gjera tala meir samanliknbare kan vi prøve å rekne om til kvalitetsjusterte leveår (KL), slik det vanlegvis blir gjort for å prioritere tiltak i helsesektoren. Resultatet av dette er tala inkludert i lista ovanfor og vist i figuren nedanfor. Dette viser at gevinsten av nedstengingar er betydeleg mindre enn skaden.
I tillegg kan vi ta med effekten på livskvaliteten til befolkninga generelt. Målingar av korleis koronasituasjonen har påverka livskvaliteten (einsemd, lykkekjensle, kor fornøgd ein er med livet) syner endringar på 15 prosent i negativ retning.
Om vi forsiktig føreset at 1/5 av denne endringa skuldast nedstengingar, gjev det ein reduksjon på tre prosent i livskvalitet over heile befolkninga. Da får vi ein total reduksjon i kvalitetsjusterte leveår tilsvarande om lag 3000 kvalitetsjusterte leveår tapt per veke (5,3 millionar leveår/år * 0,03 KL/leveår = 160 000 KL/år).
Denne samanlikninga syner altså at vi med nedstenging berre på dette eine punktet tapar fleire kvalitetsjusterte leveår i løpet av tre veker enn vi sparar i form av redda liv på eit heilt år.
Med bakgrunn i dette må vi no krevje meir detaljert dokumentasjon på nytten av vidare nedstengingar. At assisterande smittedirektør Espen Nakstad sette eit mål på antal smitta per døgn vi må ned i før samfunnet kan opnast opp att, syner berre at styresmaktene sin strategi er einsidig og delvis feilslått.
Det finnast alternativ til nedstenging som truleg er minst like effektive i å spare koronaliv. Den politisk uavhengige og vitenskapsorienterte organisasjonen Panda legg til dømes fram ein strategi for gjenopning som har realistiske og konkrete forslag til korleis vi kan skjerme dei mest utsette og halde trykket på helsevesenet nede, samstundes som livet går attende til normalt for dei aller fleste.
Det er slike målretta tiltak i kombinasjon med raskast muleg gjenopning vi burde diskutere; ikkje smittetal åleine. Dette ville vera å ta folkehelsa på alvor og minimere død og lidelse på eit balansert og gjennomtenkt vis.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.