NHO melder at ein tredel av norske bedrifter no fryktar konkurs (DN 27. mars). For småbedrifter er prosenten endå høgare.
Det sentrale for eit styre i den noverande situasjonen, som utviklar seg frå dag til dag, er å følgje med i den økonomiske situasjonen for selskapet og vedta og gjennomføre adekvate tiltak. Det kan vere permitteringar, eller auke delar av bemanninga, diskusjonar med banken, med bygningseigar og andre leverandørar, med kundar og med styresmaktene om mogelege tilskot og skatte- og avgiftskreditt eller reduksjon.
Styret må i mange tilfelle sjølv ta initiativ. For dei fleste selskap gjeld det å sikre seg eller halde oppe likviditet.
Mange styremedlemer er engstelege for det personlege ansvaret dei kan kome i ved ikkje å slå selskapet konkurs i tide. Dei veit det blir sagt at ein ikkje skal drive for kreditors rekning. Men kva er reglane om plikt til å slå seg konkurs («inngi oppbod») og korleis forstå dei i den noverande situasjonen?
Det finst eit straffeansvar og eit erstatningsansvar. Straffeansvaret blir aldri brukt i praksis. Regelen er at styremedlemen må har utvist «grov uaktsomhet». Det skal svært mykje til.
For erstatningsansvar har Høgsterett i Ulvesund-dommen i 2017 utpensla reglane i ei sak som direkte gjaldt manglande varsling til ein underleverandør om at eit skipsverft var blitt insolvent. Saka blei avgjort på grunnlag av at dagleg leiar ikkje hadde hatt orden i rekneskapane og derfor ikkje var klar over insolvensen i tide. Men for situasjonen i dag er dommen også interessant.
Høgsterett peikte på tre forhold ved vurderinga av erstatningsansvar etter aksjelova § 17-1, som òg gjeld for styremedlemer. Kravet til ansvarsgrunnlag er at skaden for «andre» - typisk kreditorane - må vere økonomisk tap som styremedlemene «forsettlig eller uaktsomt har voldt». Forsett er upraktisk i desse situasjonane.
Korleis skal ein vurdere kravet til aktløyse?
- Høgsterett sa at: for det første «bør aktsomhetsnormen gi ledelsen et visst strategisk arbeidsrom … også til å arbeide for å redde virksomheten «i det stille»».
- For det andre peikte Høgsterett på «at det ikke – iallfall ikke under ordinære forhold – vil være aktuelt med personlig ansvar så lenge ledelsen på et forsvarlig avklart grunnlag bygget på at selskapet var solvent».
- For det tredje peikte Høgsterett på samanhengen med «styrets plikt til å begjære oppbud» ved insolvens. Dette presiserte retten slik at det ikkje ville vere personleg ansvar «selv om selskapet nok var insolvent, dersom det likevel var et realistisk håp om å kunne redde selskapet fra konkurs, selskapets ledelse arbeidet aktivt og lojalt med dette for øyet og kastet kortene innen rimelig tid».
Utgangspunktet her er at styret må ha eit forsvarleg avklart rekneskaps- og likviditetsgrunnlag for sine vurderingar. Men så kjem det sentrale: Styret må ha eit «visst strategisk arbeidsrom». Det gjeld jamvel om selskapet er insolvent, dersom det er eit «realistisk håp om å kunne redde selskapet fra konkurs».
Kva tyder det i koronasituasjonen? Kva er eit realistisk håp?
Koronasituasjonen er eineståande i moderne tid. Årsakene til den økonomiske krisa er mange i ein open økonomi som den norske, indirekte og direkte.
Kjernepunktet i ein analyse av insolvens i denne situasjonen er dei økonomiske framtidsutsiktene. Og vurderingsrommet for forsvarlege vurderingar er svært vidt.
- For det første er marknadsutsiktene i ulike sektorar svært ulike, og usikre.
- For det andre er det usikkert kor lenge ulike nedstengings- og karantenekrav vil bli haldne oppe, auka eller reduserte av styresmaktene.
- For det tredje ser ein at regjeringa stadig kjem med nye tiltakspakker, som kan endre drastisk dei økonomiske utsiktene for eit selskap. Og endå nye vil kome. Pakkene gjeld både tilskot og utsetjing og eventuelle reduksjonar av krav til innbetalingar til det offentlege.
- For det fjerde ser ein at bankane er villige iallfall til avdragsutsetjing, kanskje renteutsetjing, og refinansiering.
- For det femte er nokre store og mindre utleigarar av næringsbygg villige til å ta redusert leige for ein periode. Og kanskje må dei det permanent.
For det sjette kan andre viktige kreditorar som òg vere interessert i å bidra.
Desse forholda, og sikkert fleire til, gjer at eit styre som arbeider aktivt med å vurdere framtidsutsiktene for selskapet, og dokumenterer sine vurderingar, ikkje bør vere redd for ansvar for ikkje å ha slått selskapet konkurs i den komande tida.
Tvert imot kan det kanskje heller tenkjast at dei blir ansvarlege overfor aksjeeigarane for å ha slått eit selskap konkurs for tidleg med det verdifallet for eigedelar som ein kan risikere no.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.