Gaute Torsvik, professor, Universitetet i Oslo, og Magne Mogstad, professor, University of Chicago

Nikolai Astrup svarar i DN 6. september på kritikken om at han leikar med ord i sin omtale av økonomisk ulikskap og skatt (vårt innlegg 3. september). Han gjentek mange av dei same resonnementa i svaret. Men me tok kanskje feil.

Det er ikkje sikkert Astrup leikar med ord, kanskje orda leikar med han.

Det som flokar seg til for Astrup, er at han ikkje skil mellom personleg inntekt og korleis inntekta vert brukt.

Kanskje eit døme hjelper:

  • Person A og B eig kvar si aksje som stig i verdi frå ti til 20 kroner på eitt år. A sel aksjen for å konsumera, B sparar og held på aksjen.
  • Meiner Astrup at A har ti kroner i inntekt før skatt, medan B ikkje har inntekt før skatt?
  • Slik skriv han, men det er feil. Både A og B har ei personleg inntekt (frå denne aksjen) på ti kroner før skatt.
  • Korleis dei nyttar den personlege inntekta, om dei konsumerer eller sparar, avgjer kor mykje skatt dei betalar, men inntekta før skatt er ti kroner for begge.

Økonomar brukar inntekt før skatt for å rekna ut kor stor del av den totale produksjonsverdien som går til kapital og arbeid, og for å rekna ut den reelle progressiviteten til eit skattesystem. Astrup nøyer seg med å gå inn i skattetabellane og sjekka at dei nominelle satsane aukar i inntekt og er høgare for dei som konsumerer av kapitalinntekter enn for dei som konsumerer av arbeidsinntekter.

Gaute Torsvik
Gaute Torsvik (Foto: Terje Heiestad)

Den reelle eller effektive skattesatsen, derimot, er den delen av inntekt før skatt som faktisk vert betalt i skatt. Den reelle progressiviteten til skattesystemet er avhengig om denne effektive skattesatsen aukar i inntekt. Det er denne utrekninga Aaberge, Modalsli og Vestad gjer i SSB-rapporten Astrup kritiserer.

Magne Mogstad
Magne Mogstad

SSB-rapporten diskuterer også ulike grunnar til at kapitalinntekter har lågare effektiv enn nominell skattesats. Det er difor misvisande når Astrup seier at «kapitalinntekter på personleg hånd» vert skattelagt med 46,7 prosent.

Det er berre om selskapsoverskott vert skatta fullt ut som allmenn inntekt og betalt ut som utbytte at den nominelle skattesatsen er relevant. Harding, Mogstad og Næss har vist korleis det er mogeleg å konsumera overskott som vert verande i selskapet utan å betale utbytteskatt (innlegg i DN 18. august).

Astrup bør opne opp for at fritaksmetoden ikkje berre er ei oppskrift for å sikra investeringar i framtidas teknologi, men er også ein regel dei med kapitalinntekter brukar for å redusera og utsetja inntektsskatt.

Her rører me ved viktige politiske avvegingar som bør diskuterast grunding. Astrups innlegg om inntekt og skatt er ingen god start på en opplyst debatt.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.