Under den borgarlege regjeringa har det skjedd ei endring i tilnærminga til næringslivet sitt samfunnsansvar. Den etiske grunngjeving for at næringslivet skal ta samfunnsansvar har vorte svekka, og ordbruken i høve til menneskerettane og anstendig arbeidsliv har vorte meir passiv. Samstundes er det eit sterkare søkjelys på korleis næringslivet vil tene på å ta samfunnsansvar gjennom risikohandtering, tilgang på marknadar og finansiering og likare rammevilkår.

Næringslivet sitt samfunnsansvar («corporate social responsibility», CSR) har vorte kritisert fordi mange bedrifter og selskap har fokusert på filantropi og frivillige tiltak, og brukt dette i omdømebygging. Trass i at norske styresmakter ikkje har forventa at norske bedrifter og selskap skulle gje filantropiske bidrag, har mange finansiert til dømes prosjekt gjennom norske organisasjonar som Kirkens Nødhjelp, og rapportert om dette under samfunnsansvar.

Styresmaktene si tilnærming til samfunnsansvar er nært knytt opp til dei internasjonale rammeverka eller initiativa som til ei kvar tid har vore rådande. Det viser masteroppgåva «Frå samfunnsansvarleg til berekraftig næringsliv? Styresmaktene sine tilnærmingar til næringslivets samfunnsansvar i eit tiårsperspektiv»:

I perioden 2011 til 2015 var FN sine rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar mest gjeldande. Norske bedrifter og selskap skulle respektere menneskerettane, gjere aktsamvurderingar for å avdekkje kor dei sto i fare for å krenkje menneske og miljø, og ha klageordningar for dei som vart skadelidande.FN sine berekraftsmål vart vedtekne i 2015 og vart raskt den leiande diskursen innan ei rekke samfunnsområde. Næringslivet har ei viktig rolle i berekraftsmåla og skal stå for finansiering, innovasjon og teknologisk utvikling, og såleis vera ein sentral motor for økonomisk vekst og sysselsetting. Det har vorte allment akseptert at ein ikkje vil nå berekraftsmåla utan at det private næringslivet bidreg.

Også Granavolden-plattformen slår fast at privat næringsliv er ein av nøklane til berekraftige velferdssamfunn, fattigdomsreduksjon og økonomisk vekst.

Regjeringa si oppmoding til næringslivet om å delta i berekraftsdugnaden kan sjåast på som eit ønske om at næringslivet skal engasjere seg i ny-filantropi. Ny-filantropi er strategisk og investeringsorientert, medan tradisjonell filantropi byggjer på gåver til organisasjonar og godtgjerande føremål. Felles for begge er at dei er frivillige og gjevaren kan sjølv bestemme kva som er det beste formålet.

I iveren etter å fremje berekraftsmåla har krava til samfunnsansvarleg næringsliv kome i bakgrunnen. Bedrifter og selskap som ønskjer å vera berekraftige, og bygge omdøme, kan plukke ut dei berekraftsmåla som er «mest sexy», lettast å bidra til eller rett og slett gjera det det alltid har gjort og pakke det inn i berekraftspapir. Dermed er me tilbake til kritikken mot CSR, og meir enn ti år tilbake i tid når det gjeld tilnærminga til kva ansvar norske bedrifter og selskap har når dei opererer i utlandet.

La oss eksemplifisere: Eit norsk selskap investerer i innovasjon og produksjon av ei solcellelykt som skal bidra til berekraftsmål 7, rein energi til alle. Selskapet meiner at produktet i tillegg vil bidra til mål 5, likestilling mellom kjønna og mål 13, stoppe klimaendringane. Selskapet promoterer seg sjølv som eit berekraftig selskap og får næringslivsstøtte gjennom dei ulike næringslivsstøtteordningar.

Ei solcellelykt kan vera sett saman av delar frå heile verda, til dømes kobolt frå D.R. Kongo, litium frå Chile, silisium frå Noreg, solcellepanel produsert i Kina, led-pære frå Sør-Korea og så bortetter.

I leverandørkjedene og produksjonen av solcellelykta kan det norske selskapet risikere å finansiere militsar som står for grove menneskerettsbrot og støtte bruk av barnearbeidarar og tvangsarbeidarar. Det er ei stor fare for at arbeidstakarrettane vert brotne, at arbeidarane ikkje har anstendige arbeidstilhøve og ikkje får ei løn dei kan leve av. I tillegg er det fare for miljøøydelegging.

Lykta kan betre tilhøva for tusenvis av fattige som ikkje har tilgang til elektrisitet. Selskapet kan tene gode pengar på berekraftig business. Men er ein nærmare hovudmålet; utrydde fattigdom?

Eit av fagrørsla sine argument mot filantropi har vore at det dekker over underliggande sosiale problem og såleis er ein måte for dei rike å hjelpe dei rike. Mykje tyder på at det same argumentet kan nyttast om ny-filantropi.

I ein berekraftsdugnad lausriven frå næringslivet sitt samfunnsansvar vil det vera opp til næringslivet sjølv å avgjera kven og kva som er verdige mottakarar av deira innsats, uavhengig av verdigrunnlag eller sosialt ansvar.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.

Slik kunne du spionere med Facetime
01:22
Publisert: