Eg driv med utleige av næringseigedom og er ein typisk representant for norsk næringsliv. Selskapet mitt, O Øvstegård as, har ei omsetjing på sju millionar og er arbeidsplass for fire personar i Ørsta.

Då eg starta opp næringsverksemda mi i 2005, så var det med god støtte frå både banken, kommunen og leigetakarane mine. Då var formuesskatten eit ikkje-tema for meg. No har formuesskatten blitt eit stort problem som har vakse meg over hovudet.

Med eit titals millionar i gjeld og der eg er tvungen til å tappe verksemda for å betale formuesskatten, så er verkelegheita dårleg nattesøvn og tapt energi. Energi som heller kunne ha vore brukt på å skape meir næringsverksemd og positive ringverknader for lokalsamfunnet.

Banken har sagt til meg dette fleire gongar: Vi hjelpte deg i gang i 2005, men med dagens regelverk ville vi ha vore forhindra til å gjere det same. Dette er ei melding som gjer meg både trist og oppgitt. Tanken på at dei 4800 kvadratmeterane som i dag har yrande aktivitet faktisk ville ha vore liggande brakk og til nedfalls, ja det er triste saker.

Eg er kjent for å vere «evig optimist» og har fått mykje gode tilbakemeldingar gjennom åra med både byggeskikkpris, eldsjelpris og drivkraftpris. Dette fortel meg at eg må ha gjort mykje rett som næringsdrivande sidan starten. Dessverre er det andre kjensler enn optimisme som no lurer under overflata hos meg. Eg blir både redd og bekymra. Bekymra for eiga verksemd og ikkje minst for dei mange tusen verksemdene som er i same situasjon som eg er i.

I åra fram til 2010 hadde eg satsa alt eg hadde. Det var fem år med dugnadsinnsats og eit pantsett hus frå mor mi. Status i 2023 er at alt eg eig er investert i næringseigedom. Denne formuen som regelverket har «skapt» siste åra, ja den er så langt frå kontantar i banken som tenkjast kan.

Eg ønskjer at folk skal satse og skape noko. Men eg ville ikkje ha gjort det same igjen med dagens regelverk. Og hadde eg ønskt det, så hadde eg blitt stansa av banken. Dette seier meg dessverre alt. Og det er at formuesskatt på arbeidande kapital drep initiativ, skaparlyst og gleda ved å drive næringsverksemd.

For min del er formuesskatten 300.000 kroner, og for å hente ut dette beløpet må eg auke lønna mi med meir enn 600.000 kroner, og kvar ei krone av dette går til å betale skatt.

Og for mi bedrift så utgjer dette nær ti prosent av omsetjinga. Dette er for dei aller fleste forskjellen mellom å gå med overskot og underskot. Når ein blir påført ein slik meirkostnad så er dette alvorleg for den næringsdrivande.

Dersom bedriftene derimot fekk behalde desse pengane, er dette pengar som vi ville ha brukt til å betale lokale handverkarar og tilsette. Pengar som ville ha yngla og verka i lokalsamfunnet, skapt meir aktivitet og arbeidsplassar.

Eg er sikker på at hadde pengane fått verke i økonomien framfor å bli inndregen av staten, så ville staten ha fått meir igjen for det gjennom auka økonomisk aktivitet enn det formuesskatten representerer åleine.

Det må verkeleg stillast spørsmål om regjeringa forstår kva som er situasjonen for norsk næringsliv akkurat no. Eit næringsliv som møter ein stadig tøffare kvardag med renteauke og høge straumprisar.

Dagens regelverk gir utlendingane eit stort fortrinn når norske bedrifter er til sals. I kombinasjon med den rekordsvake krona blir konklusjonen at norske bedrifter er på billigsal i utlandet.

Kva med å heller få like skattereglar, uavhengig av om ein bur i Noreg eller eit anna land?

Alle bedrifter, også dei aller største, har ein gong starta som ei lita bedrift. Spørsmålet er om desse små i framtida vil starte opp eller konkludere med at det er enklare å bli lønnstakar – eller flytte ut før ein startar opp.

Det er sjølvsagt trist når folk som har skapt mykje vel å flytte til utlandet. Men verkeleg bekymra blir eg viss dei mange tusen næringsdrivande misser motet og pågangsviljen.

Dette bør vere noko som opptek også dei styrande i Noreg.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.