Dei språklause tek over. Konsulentane som trur dei veit betre enn andre kva som er godt språk. Kommunikasjonsfolka som er like enkle i argumentasjonen som i alt anna dei gjer. Leiarane som aldri var gode i språk og difor heller ikkje forstår kor dårlege råd dei får. Alle desse får lov til å ture fram av sine unnvikande og til tider språkleg hjelpelause statsrådar og styreleiarar. Det er som om dei råda veg tyngst som kjem frå dei som veit minst. Difor sit vi no med offentlege institusjonar som ikkje greier å forklare gjennom namna sine kva dei held på med.

Mesta. Nord Universitet. Norec. Oslomet. Vy.

Å høyre ein direktør eller kommunikasjonssjef forklare kor treffande slike namn er, er som å sitje og sjå på eit 90 graders program med sentrifugering på vaskemaskinen. Då har eg ikkje ein gong nemnt den historieløysa og villfaringa som ligg i namn som Vestland og Viken. For dei som tek desse avgjerdene, er språk og historie eitt feitt, og grammatikk er out.

Ikkje eitt gevær blir retta mot ein ulv eller ein hjort utan at dei statlege faginstansane seier sitt med stor tyngd. Ingen tør å sjå heilt bort frå dei faglege råda som kjem frå Helsedirektoratet. Knapt ein sving blir retta ut før ymse veginstansar har rekna og tenkt. Men handlar det om språk, om namn, skal du ha takk. Då veit alle betre enn dei som faktisk veit.

Frå topp til botn, frå nord til sør, frå vest til aust – alle trur dei veit betre enn Språkrådet. Når NSB no skal rettferdiggjere namnet Vy, kjem dei jamvel trekkjande med ein arkitekt som sanningsvitne. Er det noko arkitektar ikkje har greie på? Ja. Arkitekten kan jamvel fortelje at namnet Vy vil hjelpe NSB «med å oppnå deres visjoner for fremtidens mobilitetsløsninger». Spør for all del ikkje slike folk om ei årsak kjem før eller etter verknaden.

Eg merka det då eg var styreleiar i Språkrådet 2010–2015. Dei råda vi gav, stod ikkje nett som pålar hos verken embetsverk eller politisk leiing i ymse departement. Meir enn ein gong vurderte eg å gå på dagen som styreleiar, men eg greidde aldri å bestemme meg for om det verste var å bli overkøyrd eller oversett. Den arrogansen Språkrådet blei møtt med i statsforvaltninga, var fordummande og svekte norsk språkpolitikk.

Språkrådet skal ikkje ha siste ordet, men det tyder ikkje at Språkrådet ikkje skal ha ordet i det heile. I ei lang rekkje saker har regjeringa med sitt svære embetsverk rett og slett late vere å spørje Språkrådet om råd. Det er ikkje opplagt at alle råda er like gode, men det burde vere sjølvsagt at ein må argumentere særskilt viss ein skal setje til sides rådet frå statens eige fagorgan for språk.

Slik det er no, er det nok at ein hobbyfilolog stablar opp dei vanlege frasane om endring og fornying og visjon.

På dette saksfeltet handlar det ikkje om at ekspertane avgjer for mykje. Problemet er at dei som ikkje kan saka, får siste ordet. Og snart skal meir bestemmast i fylke og kommunar. Der står det endå verre til.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.