Det er upresist når DN i sin leiar 19. mars framstiller distriktspolitikk som dårlig klimapolitikk. I beste fall er det mangel på kunnskap. Eg er heilt viss på at regjeringa vil gjere statsbudsjettet for 2020 til historias grønaste statsbudsjett. Det vert nytta både gulrot og pisk. Avgifter for det som forureinar, subsidie og støtteordningar for dei som utviklar og tek i bruk grøn teknologi.

Og det vert kontinuerleg jobba mot å tette hol i norsk klimapolitikk – slik leiaren i DN påpeiker er naudsynt. Men i dei påfølgjande avsnitt strandar argumentasjonen til DN. For her vert det eit monotont angrep på distrikta, og ein evnar ikkje å sjå dei store strukturelle grepa regjeringa gjer i klimapolitikken.

Det synes som DN har ein oppfatning av at all distriktspolitikk er klimafientleg. Ta pendlarfrådrag, som vert nevnt: Vi bygger jo ut Intercity på austlandet – nettopp fordi slik pendling kan vere klimavenleg.

Og på ny dreg dei fram ferjefri E39 som dei meinar må bli «utsleppsfri E39». Her mistenkjer eg at ein legg til grunn utsleppsfrie ferjer.

Skal vi har utvikling i heile landet kan vi ikkje leve med kolonnekjøring til evig tid her vest, slik ferjer vert oppfatta å vera . I 2025 skal vi ha utsleppsfri kollektivtransport og nullutslippskjøretøy på vegane. Då er bru- og tunnelløysingar også utsleppsfrie.

DN har rett i at vi har ein stor jobb framom oss når det gjeld å få ned karbonavtrykket. Her må vi alle bidra. Også distrikta, men ikkje ved å legge dei aude.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.