Bør private tilby velferdstenester finansiert av stat og kommune? Spørsmålet er aktualisert med det nye utvalet som skal vurdera tiltak for å fase ut kommersielle aktørar. Svaret ser ut til å fylgja det ideologiske skiljet mellom høgre- og venstresida i politikken. Eg forstår ikkje kvifor.

Eg skjønar at ideologi er viktig når me diskuterer kor høgt oppe det sosiale sikringsnettet bør hengja, eller kor finmaska det skal vera. Det er verdispørsmål. Spørsmålet om kven som skal produsera velferdstenestene, om det bør skje innomhus i stat og kommune eller om tenestene bør konkurranseutsettast til private, bør handla om fakta og fag.

Gaute Torsvik
Gaute Torsvik

«Lage sjølv eller kjøpe?», er eit sentralt spørsmål i økonomisk organisasjonsteori. Teorien fekk ein sterk impuls då Ronald Coase spurde: Kvifor har me bedrifter? Dersom ein marknad med konkurranse og frie prisar sikrar effektiv utnytting av ressursar, kvifor føregår då så mykje økonomisk aktivitet i bedrifter, styrt etter heilt andre prinsipp enn marknad og pris?

Den økonomiske organisasjonsteorien legg vekt på at somme varer og tenester har høge transaksjonskostnadar i ein marknad. Det kostar mykje å organisera og gjennomføra handel dersom kvaliteten på vara er vanskeleg å måla, eller den er skreddarsydd til oppdragsgivar. Då er det vanskeleg å skriva og handheva kontraktar og det kan det vera betre å produsera innomhus.

Transaksjonskostnadsteorien er relevant når me diskuterer grensene for offentleg produksjon, om offentleg tilsette skal produsera velferdstenester eller om stat og kommune skal kjøpa dei frå private kommersielle aktørar. Er det lett å regulera kvaliteten til tenestene, er det gode grunnar for å auksjonere oppdraget i den private marknaden. Då går det til den mest effektive tilbydaren, som samstundes har ein spore til å arbeida hardt og smart for å levera kostnadseffektivt. For andre tenester er det vanskeleg å spesifisera kvalitet eller andre vitale aspekt ved tenestene, då kan det vera betre med offentleg produksjon.

Kanskje er velferdstjenester så innfløkte og diffuse at stat og kommunane bør produsera sjølve? Eller kanskje ikkje? I staden for å tinga ein formel for utfasing av kommersiell velferd, burde regjeringa leggja til rette for å granska - empirisk - effekten av å kjøpe velferd av kommersielle aktørar framfor eigenproduksjon. I ein interessant og godt gjennomført studie av privat versus offentleg ambulansetenester i Stockholm, finn forfattarane at private aktørar er meir kostnadseffektive og leverer høgare kvalitet enn offentleg drifta ambulanse på spesifiserte kvalitetsmål, men leverer lågare kvalitet på utfall som ikkje er kontraktsfesta (om pasienten døyr tre år etter at ambulanse vart tilkalla). Dette er ein kausal effekt av privat drift, sidan det er tilfeldig om pasientane får ein privat eller offentleg ambulanse. Det er slik truverdig nyansert kunnskap me treng for å avgjera om, og når, private aktørar bør produsera velferdstenester.

For regjeringa verkar det som om den høge profitten til private tilbydarar av velfredstenester er det største problemet. Men høg profitt indikerer dårleg regulering, ikkje at det er noko prinsipielt galt med private velferdstenester. Oppdragsgivar bør skriva kontraktar som gjev minimalt med profitt til dei som utfører oppdraget, gitt at dei innfrir kvalitetskrav i leveransen. Dersom stat og kommune manglar evne eller vilje til å tilby gode kontraktar for private tilbydarar, kan det sjølvsagt vera eit argument for å produsera sjølv. Eit alternativ er å styrkja kontraktskompetansen i stat og kommune.

Transaksjonsteorien tilbyr ei nyttig ramme for å diskutera profitt og velferd, men overser relevante faktorar. Ei oppstykking av velferdstenester til ulike kommersielle underleverandørar kan ha uheldige konsekvensar. Ein, som økonomisk teori ikkje har særleg godt tak på, er at det kan gje redusert fellesskapskjensle eller identitet, som kan redusera trivsel, motivasjon og produktivitet. Som student ved NHH kom eg heim til far som arbeidde på møbelfabrikk i Øystese. Det var fire møbelfabrikkar der den gongen. Eg kom proppfull av transaksjonsteori og spurde far kvifor ikkje alle arbeidarane møtte på kaien kvar morgon og blei auksjonerte bort til dei som eigde maskinene i dei ulike fabrikkane. «Då kunne me ikkje hatt bedriftsfotballag», svara han.

Det er nok rett. Kanskje er det også rett at motivasjonen til dei som utøver velferdtenester heng på identitet, som igjen heng på kven som produserer - privat eller offentleg. Og kanskje er det ikkje berre inkompetanse men generisk vanskeleg å laga gode kontraktar for velferd, og difor betre at det offentlege sjølv produserer. Ei god analyse samanliknar utfordringane med å styra private gjennom kontraktar med dei administrasjons og styringsproblem som oppstår dersom stat og kommune sjølv produserer. Slike studiar kjenner ikkje eg til. Me har ikkje nok kunnskap for å avgjera om, når og kvifor offentleg produksjon av velferdstenester er betre enn kjøp frå private tilbydarar.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.