Verda er meir komplisert enn ho ser ut frå skrivebordet – og litt for ofte også frå forelesingssalane.
Avisene er fulle av døme på at økonomisk politikk må ta hensyn til meir enn det som kan samanfattast i enkle økonomiske modellar, om det så er utfordringane rundt aksjonærskatt og fritaksmodell, innføring av lakseskatt med tilhøyrande normprisar, og ikkje minst Sveits-utflyttarar.
Sistnemnde gruppe har uheldigvis fått gehør for det retoriske trikset å bli kalla skatteflyktningar i delar av pressa, noko som er eit provoserande misbruk av flyktningbegrepet.
Når resultata av skattereglane ikkje blir slik ein har tenkt, så påverkar dette realøkonomien og fordelinga av byrder og gode mellom skatteytarar. Dette kan igjen føre til redusert skattemoral, svekking av skattesystemets legitimitet og utarming av den underliggande samfunnskontrakten.
Det er heller ingen hemmelighet at selskap og enkeltpersonar har blitt meir sofistikerte i å omgå skattereglane med både lovlege og ulovlege middel. Det vi treng meir informasjon om er kven som gjer dette, korleis dei gjer det, og kva konsekvensane av dette er.
Denne tirsdagen kjem skattedirektøren saman med statssekretæren i Finansdepartementet, Helfo-direktøren og Norad-direktøren til NMBU for å opne Skatteforsk – Centre for Tax Research. Senteret fekk nyleg ei stor tildeling frå Norges Forskningsråd og skal bidra til å tette gapet mellom teori og praksis.
God politikkutforming krever at ein lærer av fortida for å prøve å forutseie korleis skatteytarar vil tilpasse seg nye reglar. Utfordringa er då å talfeste og analysere det som er forsøkt skjult. Her har vi forskarar same problem som Skatteetaten har når dei skal kontrollere, nemleg at dei fleste datakjeldene kun omfattar kva som skjer i Norge, sjølv om økonomien er global og pengar kan krysse landegrensene med eit tastetrykk.
Det er derfor essensielt å finne alternative datakjelder for å kunne fylle ut kvite flekkar på kartet. Dette gjeld særleg når skatteparadis er involvert. Basert på betre data kan ein utvikle nye verktøy for få meir kunnskap om dei lovlege og ulovlege måtane skattar unngås på.
Vi har gode data på mange område i Norge, men det er diverre store kvite flekkar der også, til dømes om kven som faktisk eig kva, som Dagens Næringsliv har dokumentert. Det urovekkande er at ikkje ein gong styresmaktene veit kven som er faktiske eigarar av mange norske eigedomar, spesielt når det gjeld kritisk infrastruktur. Dette illustrer behovet for endringar i lovverket.
Likevel, det er ikkje tilstrekkeleg å vite omfanget av uønska regeltilpassing, det er også viktig å vite kva konsekvensane er. Effektane av skattetilpassing går langt utover «kun» tapte skatteinntekter for det offentlege.
Når bedrifter endrar åtferd for å redusere skatterekninga si, kan dette få konsekvensar for andre delar av verksemda, frå løna de betaler, til viljen i å investere i korrupte regime eller grøn teknologi. Tilsvarande kan enkeltpersonars skattetilpassing ha negative konsekvensar i form av redusert generell skattevilje.
For betre å forstå konsekvensane av skattetilpassing, både nasjonalt og internasjonalt, jobbar vi på Skatteforsk med å analysere effektane på tvers av ulike skattebasar og å knyte dette til store globale utfordringar som utvikling, ulikhet og klima.
Til slutt, ved å koble saman informasjon om korleis skattetilpassing skjer og kven som deltar i dette, så kan ein utvikle verktøy til å motverke uønska åtferd og utvikle handlekraftig politikk. Dei aller fleste av oss ønsker å gjere ting riktig. Det er difor viktig at offentlege etatar som forvaltar store og ofte tillitsbaserte ordningar, som Skatteetaten, Helfo og Nav, bruker sine knappe kontrollmiddel på dei som bevisst juksar, utan å lage unødig stress for dei som ikkje gjer det.
For å få til dette må ein sjå økonomi, jus og it i samanheng. Ved å ha ein slik tverrfagleg tilnærming vil Skatteforsk bidra til både innspel til å tette smotthol i regelverket og å sikre effektivitet i bruken av det. Det er også viktig med erfaringsutveksling på tvers av etatar i offentlig sektor som ofte strir med dei same utfordringane.
Det er viktig å ha heile verdikjeda med når ein vil innføre nye ordningar. På vegen frå økonomiske prinsipp til faktisk implementering av regelverk kan det opnast for smutthol som gjev utilsikta tilpassingar, slik vi har sett mange døme på i det siste.
Politikarane vil bli overraska av utilsikta konsekvensar og praktiske utfordringar igjen og igjen viss dei faglege råda baserer seg på ein for snever bruk av økonomifaget.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.