Ein ny internasjonal skattekonkurranse er i full gang, nemleg kampen om folka. Sveits har utmerka seg som ein favorittdestinasjon for rike som vil sleppe unna skatt.
Mange land har spesialreglar for å tiltrekke seg utlendingar, med gunstig skattlegging av til dømes pensjonistar og fotballspelarar. Forskarar ved EU Tax Observatory analyserte i 2021 heile 28 slike særskatteregime innan EU og anslo at dette omfatta over 200.000 personar.
Skattetapet i vertslanda vart berekna til rundt 50 milliardar kroner, utan at dei tok hensyn til det som heimlandet tapte. Her er ikkje den sveitsiske ordninga som har blitt så populær blant rike nordmenn med i oversikten.
Dette tar oss tilbake til dei siste tiåras internasjonale skattehodepine, nemleg kva land som har rett til å skattlegge eit selskap som opererer i fleire land. Ved å utnytte ulike definisjonar på tvers av land har store selskap klart å trikse seg bort frå stort sett å betale skatt nokon stad.
Vi ser nå at dette problemet smittar til personar. Når folk er mobile og kan jobbe frå over alt blir det heilt sentralt korleis ein definerer kvar ein person høyrer heime skattemessig. I dag finst det to ytterpunkt:
- I USA følger skatteplikt statsborgarskap. Alle amerikanske statsborgarar skal skatte til USA med all inntekt dei tener over heile verda, sjølv om dei ikkje bur der.
- I Norge, og mange andre land, følger skatteplikt bustad, uavhengig av statsborgarskap. Alle som er skattemessig busette i Norge skal skatte til Norge for all inntekt og formue frå heile verda.
Her ser vi at definisjonen av skattemessig busett er heilt sentral under det norske systemet.
Alle som bur, jobbar eller driv næringsverksemd i Norge nyt godt av offentlege tenester, sikkerheitsnett, idrettslag, og infrastruktur. Det vil vere ein viktig faktor inn i å bygge opp eit lønsamt selskap eller å nå både den sportslege og kommersielle toppen i ein idrett. Då er det ein del av den implisitte kontrakten at ein også betaler skatt på pengane når, og viss, dei byrjar å strøyme inn, slik at ein ikkje kun kan flytte frå skatterekninga då.
Og slik er det faktisk også i Norge. Reglane seier at dersom ein person har budd minst ti år i Norge, så er ein rekna som skattemessig busett i tre år etter utflytting og må då framleis skatte til Norge.
Men dette verkar jo rart inn i den store Sveits-utflyttar-straumen vi har sett blant dei rike i det siste, for det er vel ikkje nokon grunn til å flytte når man likevel må betale skatt til Norge i fleire år?
Og kvifor skal ein då flytte til eitt av få andre land i verda som også har formuesskatt?
Forklaringa er at ikkje alt er som det ser ut som, ei heller i skattereglane. For inn frå sida susar skatteavtalane.
Dei generelle reglane for utflytting gjeld kun dersom ikkje anna er spesifisert i kvar enkelt konkrete skatteavtale med andre land, så i praksis kun med land Norge ikkje har avtale med.
Og avtalen med Sveits er ei gåvepakke til alle som vil sno seg unna skatten sin. Dei som flyttar til Sveits blir skattepliktige til Sveits frå første dag etter flytting, så lenge ein ikkje eig bustad i Norge. Mediene har rapportert om utflyttarar som har gitt bort hus i Norge, formodentlig for å bli skattepliktige til Sveits frå første dag.
Sveits er spesielt aggressiv med å lage spesialreglar for å tiltrekke seg rike utlendingar som kun treng vere halve året i Sveits for å bli rekna som busette der. I enkelte kantonar er rike utlendingar fritatt frå all inntekts- og formuesskatt og kan velje å heller betale det som i den store samanhengen er bagatellmessig sjablonskatt.
Slik kan vi ikkje ha det.
Det kan ikkje vere slik at ein skatteavtale mellom to land likevel ukritisk skal gjelde dersom den eine parten seinare kynisk spekulerer i å utnytte dette til eiga vinning. Då blir vi handlingslamma og har outsourca vår eiga politikkutforming til andre land.
Nyare skatteavtaler omfattar ikkje formue, til dømes må nordmenn framleis betale formuesskatt til Norge i tre år etter flytting til Storbritannia. Eit land kan også einsidig seie opp ein skatteavtale, slik Finland gjorde med skatteavtalen med Portugal.
Finansdepartementet må tette flytte-smutthullet i avtalen med Sveits slik at treårsregelen også gjeld ved flytting dit, for både inntekt og formue, og det må skje raskt.
Fører det ikkje fram, bør avtalen seiast opp.
Dette må stramast inn mot alle land. Det er på tide å ta denne skattekonkurransen om folk på alvor.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.