Investeringsdirektør Robert Næss i Nordea er på ny ute og kritiserer straumforbruket i bitcoin og kan ikkje forstå at det skal vera så vanskeleg å gå over til ein mindre energikrevjande metode enn dagens (innlegg i DN 19. januar).

Kan forklaringa vera så enkel at dette ikkje er så enkelt som Robert Næss vil ha det til?

I staden for at millionar av datamaskiner skal rekna på det same problemet, skriv Næss, kan «et lite knippe aktørar» gjera jobben.

Svein Ølnes
Svein Ølnes

Smak på den formuleringa. Minner den ikkje veldig om dagens økonomiske og finansielle system?

Det er her hunden ligg gravlagt.

Det er lett å innføra ein mindre energikrevjande metode viss du er villig til å ofra desentralitet. Viss du derimot ikkje er villig til å ofra den, er det veldig vanskeleg. Dei mange utsetjingane av overgang til ny metode i Ethereum viser det.

Blokkjedeteknologien har eit innebygd trilemma: Dei tre grunnleggjande eigenskapane desentralitet, sikkerheit og hastigheit kan ikkje oppnåast på same tid. Det må gjerast kompromiss.

Bitcoin set desentralitet og sikkerheit høgst, og det er så langt berre metoden «bevis på utført arbeid» («proof of work»), som har vist seg å sikra desse tilstrekkeleg.

Ethereum har valt ein annan strategi: «bevis på eigarskap» («proof of stake»). Det blir interessant å sjå korleis den nye metoden slår ut i praksis når den omsider blir ein realitet.

Utfordringa ligg i at løysinga blir veldig komplisert, og at det kan svekkja både sikkerheit og desentralitet.

Straumforbruket i bitcoin er «a feature, not a bug» og må sjåast opp mot den nytten og det potensialet som ligg i systemet. Ein kan sjølvsagt hevda at nytten ikkje forsvarer kostnaden, men ein bør ha eit visst kunnskapsgrunnlag før ein kastar seg inn i diskusjonen.

Eit første steg bør vera å bruka mest mogleg pålitelege kjelder, og då bør ikkje Alex de Vries' Digiconomist brukast, slik Robert Næss gjer, men heller meir nøytrale kjelder, som Cambridge Centre for Alternative Finance og deira Bitcoin Electricity Consumption Index.

At mykje av graveindustrien har flytta ut av Kina og inn i Kasakhstan, betyr i praksis lite. Den utflytte gravinga var stort sett lokalisert i dei autonome regionane Indre Mongolia og Xinjiang, som begge hentar det meste av energien frå kolkraftverk.

Når i tillegg ein stor del av graveaktiviteten har flytta til USA og Canada, har Næss neppe dekning for å hevda at bitcoin-gravinga har ført til meir CO₂-utslepp etter utflyttinga frå Kina.

Det er meir sannsynleg at klimautsleppa har gått ned.

… neppe dekning for å hevda at bitcoin-gravinga har ført til meir CO₂-utslepp etter utflyttinga frå Kina. Det er meir sannsynleg at klimautsleppa har gått ned

(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.