Den norske hyttedraumen er korrumpert. Det enkle hyttelivet på stølen eller i bua med brønn og utedass, parafinlamper og harespor på vollen er for lengst passé. No skal det vere jacuzzi, afterski, skitrekk og suv.

Ofte har eg lest i DN om hytteluksus, prisvekst, hytteprofitt og hyttemarknad. Men kven bryr seg om bygningsarbeidarane som skaper desse verdiane?

Som regionalt verneombod for bygg har eg og mine kollegaer sett ein del av tilhøva mange (ofte utanlandske) bygningsarbeidarar på fjellet må leve med.