21. juni presenterte Dagens Næringsliv i D2-magasinet ei liste over «ledestjerner» under 30 år. Topp folk alle saman, heilt sikkert. Men litt gransking fortel meg at «ledestjernene» som hovudregel bor i Oslo. Dei er gjerne oppvaksen der også. Og er dei frå andre stader, så bor dei helst i Oslo.

Alta, Løten og andre stader i oppveksten, men ein må altså til hovudstaden for å realisere potensialet sitt. Berre tre eller kanskje fire har ein bakgrunn som solid plasserer dei utanfor hovudstaden. Utanfor. Juryen er også Oslo-prega. Det ligg vel noko der.

Juryen har talt: Skal du bli noko må du bu og/eller jobbe i på det sentrale austlandsområdet. Og gjerne vere derifrå. Så er det sjølvsagt ikkje slik: Verdiskaping skjer i heile landet. No kan det sjå ut som om rekkevidda til avisa ikkje strekker seg lenger enn ein Ruterbillett til 36 kroner.

Eg har to døtrer. Eg vil at dei skal sjå fleire vegar til lykke enn E6 mot søraust.

Sjølv driv eg Tikkio, eit teknologiselskap med hovudkontor på 62. breiddegrad på Sunnmøre. Vi har kundar over heile Noreg, i Danmark og planar om meir. Som 45-åring er eg altfor gammal til å hamne på ei ung og lovandeliste som denne. Men det er mange andre utanfor Oslo som burde ha vore med. Vi, som dei, bidreg på vårt vis til verdiskaping, bolyst og – glede utanfor det som i denne saka er Dagens Næringsliv si rekkevidd.

Juryen i kåringa av ledestjernene har vore flinke til å balansere kjønn, etnisk opphav og bransje. Hadde 90 prosent av dei unge ledestjernene vore menn, hadde det blitt ramaskrik. Men juryen sviktar på den geografiske dimensjonen. Til Språkrådet og Likestillingsombudet lanserer eg med dette omgrepet «geografidiskriminering». Ver så god!(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.