Litteraturbransjen tok eit oppgjer med seksuell trakassering i 2017. Fekk på plass gode retningslinjer som heile feltet signerte på. Bransjen skulle vere trygg og toleransen null. Problemet løyst, og så tilbake til det vi eigentleg skulle drive med. Lage gode bøker saman, motivere folk til å lese, lære eller drøyme seg vekk.

Som ein av leiarane i bransjen er det kanskje helst det siste eg har gjort sidan. Elles ville ikkje Agnes Ravatn sin kronikk i Aftenposten 8. november om seksuell trakassering vore ein naudsynt vekkar.

Som styremedlem i Forleggarforeininga var eg med på styrevedtaket om retningslinjene. Som leiar i Samlaget ansvarleg for å etablere retningslinjene i arbeidskvardagen. Sidan den tid er det gjort mykje godt arbeid i bransjen. Til inga nytte, kan ein undrast?

Edmund Austigard
Edmund Austigard

Det er gjort mykje godt arbeid i litteraturbransjen etter 2017. Men pr. i dag kjenner vi ikkje til omfanget av trakasseringa, eller om det var større før 2017. Det er likevel sikkert at vi ikkje har vore gode nok på minst tre felt.

For det første er ansvaret for oppfølging av dei som ikkje er tilsette noko uklart. Korleis skal ein forfattar eller illustratør varsle, og kven skal følge opp?

Det er også reflektert for lite over kor langt organisasjonane sitt ansvar skal gå og kva følgene av ei avgrensing vil vere.

Til sist kan ein slå fast at den store utfordringa er ei haldningsendring. Den endringa kjem ikkje utan at problemet blir tatt på djupaste alvor gjennom tydeleg leiarskap. Det leiarskapet har mangla.

Kvart år inviterer Samlaget bokdebutantane til forlagshuset. Dei møter redaksjonen, marknadsavdelinga og administrasjonen. Eg snakkar om ytringsfridom, om lesing og litteratur, om den store verdien kvar ny bok har for eit lite språksamfunn. Men eg har aldri sagt at bransjen har nulltoleranse for seksuell trakassering og kva det betyr i praksis.

Eg har ønska velkommen til fest i forlagslokala og sagt røyking forbode, men ingenting om korleis vi oppfører oss mot kvarandre. Om det er slik at enkelte ein eller annan stad i bransjen får lov å trakassere fordi han er han — eller ho er ho — og det er slik dei er.

Så er det mangel på leiarskap.

Det er lite som svir meir for meg som leiar enn å innsjå kor utilstrekkeleg ein kan vere. Det å sovne på vakt, så djupt at det måtte ein skarp kronikk til for å vakne.

Eg beskriv ikkje sjølvpisking, eg driv heller ikkje med det. Eg lærer, og har nyleg gått gjennom ei bratt lærekurve i leiarskap. Det ein som leiar ikkje tek eigarskap til — fullt og heilt — det blir ikkje ein del av kvardagen. Det er leiarskap som kan skape det rommet som trengs for at ein skal kunne varsle.

Det er haldningane verksemda står for som tillèt eller forbyr vanskelege samtalar om ikkje ønska framferd. Dei same haldningane avgjer kva konsekvensar det er rom for.

Min jobb framover er å skape den kulturen som krev at varsel blir tatt på alvor og handterte skikkeleg. Bransjen blir ikkje trygg før kulturen tillèt at trakassering kan føre til brotne kontraktar, avbrotne samarbeid og oppseiingar.

Når vi står for haldningar som aksepterer økonomisk tap fordi ein lukrativ bokkontrakt forsvann, kan vi rette opp ryggen. I ein slik kultur er det ikkje rom for ulike reglar og tolkingar avhengig av kven det gjeld. Men ein slik kultur skal også vere bygt på gode rutinar og skikkeleg saksbehandling.

Trakasseringssaker er komplekse og vanskelege, det finst minst to partar som begge har krav på profesjonell saksbehandling. Pr. i dag er ikkje litteraturbransjen der eg ønsker meg. Dit kan og må vi kome, det vil krevje slitesterkt leiarskap, truleg ein stor dose audmjukheit, og nokre strakstiltak.

Bransjen gjer no ei kartlegging for å forstå omfanget. Varslingsrutinar blir tydeleggjorde og oppfølgingsansvaret definert. Men den store jobben er haldningsendring. Det er truleg den beste måten å trygge eit felt der dei aller fleste har lausare knyting til arbeidslivet enn det ein tilsetjingskontrakt gir.

Kulturendring vil ta tid og krevje stor leiarinnsats. I trakasseringssaker ber ein ikkje om slik tid. Nulltoleransen har gjeldt frå dag ein. Det er sjølvsagt at bransjen skal vere trygg. Alt anna er ikkje akseptabelt.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.