Då Statoil blei til Equinor i 2018, blei det sagt at namnebytet reflekterte ei verd og eit selskap i endring. Fem år seinare kan ein, med utgangspunkt i ein gjennomgang som vi i Norsk klimastiftelse har gjort, slå fast at namnebytet mest av alt framstår som eit tidsriktig kommunikasjonsgrep.
Equinor er ekstremt gode til å framsnakke grøn omstilling. Inntrykket som blir skapt via sosiale mediar, reklamar og konferansar, er at Equinor no er eit selskap som verkeleg har gira opp innsatsen innan fornybar energi, karbonfangst og -lagring (CCS) og hydrogen.
Sanninga er derimot at det framleis er stor avstand mellom det som blir sagt og det som blir gjort: Ved utgangen av 2022 stod olje og gas for 99,6 prosent av selskapets totale energiproduksjon.
Equinor hadde i 2022 ein fossil energiproduksjon på vel to millionar fat oljeekvivalentar per dag. Med energikrisa i Europa har det i det siste blitt litt meir gass enn olje, men totalproduksjonen har lagt om omtrent på same nivå sidan 2018.
Samtidig som olje- og gassproduksjonen har vore stabil høg, har ikkje Equinor klart å vekse innan fornybar energi. Ved inngangen til 2023 var summen av alle investeringar, oppkjøp og nedsal på fornybarfeltet, ein installert fornybarkapasitet på 0,6 gigawatt (GW) – nøyaktig det same som i 2018. Dette var nok til å produsere knappe 1,7 terawattimar (TWh) med straum.
For eit selskap med aktivitet i 13 land, og som omtalar seg sjølv som eit breitt energiselskap, er dette lite. Det er også mindre enn mange av Norges små, lokale kraftprodusentar.
Det er verdt å merke seg at Equinors fornybarkapasitet har stått stille i ein periode der selskapet sjølv har blitt ein storforbrukar av fornybar kraft. Elektrifisering av Equinors installasjonar til havs og på land kravde i 2022 import av seks TWh, det meste frå det norske straumnettet. Og behovet er aukande.
Kva så med dei andre, grøne satsingane?
På intensjonsnivå har Equinor mange nok prosjekt både for CCS og hydrogen til å fylle både ein og to Powerpoint-presentasjonar. Hydrogensamarbeidet med tyske partnarar er døme på det. Men ser ein bort frå Northern Lights er det ikkje mykje konkret som skjer på dette området i dag.
Kun ein prosent av Equinors samla investeringar gjekk i 2022 til sekkeposten «lågkarbonløysingar», som inkluderer CCS og hydrogen.
Det må nemnast at Equinors strategi mot 2030 varslar ein betydeleg vekst i fornybar energi. Målet er 12–16 GW i installert kapasitet – nok til å produsere 35–60 TWh. Det vil vere kraftig opp frå dagens nivå, men samanlikna med andre energiselskap i Europa, er Equinors ambisjonar sånn middels. Danske Ørsted, spanske Iberdrola og franske Total Energies har til dømes mål om høvesvis 50, 80 og 100 GW i installert fornybarkapasitet innan 2030.
Kanskje skuldast Equinors forsiktige satsing på fornybar energi at dei må balansere det grøne med framleis satsing på det fossile? For samstundes som Equinor ønsker å auke fornybarsatsinga fram mot 2030, har selskapet også som mål at produksjonen av olje og gass skal halde seg på dagens nivå. Eit mål som vil krevje betydelege investeringar i fossil produksjon. Det vil i mange år også binde opp store menneskelege ressursar og kompetanse.
Ei av anbefalingane til Klimautvalet 2050 er å utarbeide ein strategi for sluttfasen av norsk petroleumsverksemd, der også statens rolle som eigar i Equinor vert vurdert. Det er ei klok anbefaling.
Eit av spørsmåla vi må stille oss er om vi som samfunn, med mål om å redusere klimagassutsleppa med 90–95 prosent innan 2050, har råd til at eit statleg kontrollert selskap som Equinor ikkje går meir heilhjarta inn for ein raskare energiomstilling. Med sine enorme økonomiske og menneskelege ressursar, kunne Equinor vore hovudmotoren i utbygginga av fornybar energi og etableringa av nye, grøne verdikjeder. Men det er selskapet ikkje.
Det er likevel ikkje sikkert at svaret ligg i eit grønt Equinor. Kanskje skal vi akseptere at Equinor er og vil alltid vere eit oljeselskap. Deira oppgåve blir då å pumpe opp olje og gass til marknaden skrumpar inn. Så får jobben med å bygge ut meir fornybar energi raskare, og framskunde den grøne energitransformasjon, bli overlate til andre aktørar som har betre føresetnadar for å lukkast.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.