Harald Johannessen, juridisk direktør i Skatteetaten, svarte 28. september på kronikken min om konsekvensen av pendlebustadsakene for andre enn politikarar (DN 19. september). Der tok eg opp behovet for presisering av regelverket og betre rettleiing, slik at ikkje unge pendlarar får krav om etterbetaling fordi dei misforstår skattefrådragsreglane.

Herdis Helle
Herdis Helle

Johansen skriv at skattereglane for heimebuande lærlingar på brakke betalt av arbeidsgjevar er klåre. Vidare synest han å meine at feil uansett ikkje vil gje nokon skattesmell av betydning; Skatteetaten har sett den økonomiske fordelen ved å bu på brakke så lågt som til 39 kroner dagen, noko som skal vere eit gunstig unntak frå regelen om verdsetjing til marknadsverdi.

Eg oppfattar svaret som ei bagatelliserande tilnærming til eit stort og vanskeleg problemkompleks.

For det første forbigår Johansen at eg også tok opp frådragsrett for andre persongrupper og typetilfelle enn heimebuande lærlingar på brakke.

For det andre viser han lite forståing for at sjølv om 39 kroner dagen isolert sett er eit lite beløp, så kan det gje ein følbar skattesmell for lærlingar og andre med låge lønningar, ikkje minst om dei må etterbetale for fleire år. For pendlarar som bur i andre typar bustader som arbeidsgjevar leiger og som skal verdsetjast til marknadsverdi – typisk hus eller leilegheiter – vil skattesmellen kunne bli betydeleg høgre.

For Skatteetaten bør det ikkje vere vanskeleg å gje betre publikumsrettleiing langs dei linene eg tok opp i kronikken. Ei eksplisitt påpeiking av at pendlarar som bur i foreldreheimen, har rimeleg husleige eller leiger ut rom i husværet sitt skal betale skatt – fordi dei etter Skatteetaten sitt syn sparer pengar på at arbeidsgjevar dekker pendlebustad – kunne ha vore ein god start.

(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.