I Danmark var statsminister Mette Fredriksen sin lovnad om ein pott på tre milliardar kroner til offentlege tilsette ein valvinnar. På Island deltar statsministeren heilhjarta i storstreiken for likelønn. Og i Norge?

Ragnhild Lied
Ragnhild Lied

Her står likelønnskampen i stampe.

Når vi 16. november markerer Likelønnsdagen, er det eit symbol på at frå i dag jobbar alle kvinner gratis ut året. Det generelle likelønsgapet er på 12,4 prosent. Men det er endå større for dei med høgare utdanning.

Forskarane Liza Reisel og Sara Seehuus ved Institutt for samfunnsforsking skriv det enkelt og greitt slik i Dagens Næringsliv 11. november:

«Unge menn med bare videregående skole tjener gjennomgående mer enn kvinner med bachelorgrad. Her skiller Norge seg fra de fleste andre land ved å være helt i nedre sjikt internasjonalt når det gjelder avkastning på utdanning. Dette henger blant annet sammen med den sammenpressede lønnsstrukturen, og frontfagsmodellen som sørger for at konkurranseutsatt industri skal være lønnsledende.»

Det er eit likestillingsparadoks at fleire kvinner enn menn tar høgare utdanning, men dei tener likevel ikkje betre enn menn. Ofte er det faktisk tvert i mot.

Dei store velferdsyrka i offentleg sektor med krav om høgare utdanning kjem dårlegast ut i lønn når ein ser heile yrkeslivet under eitt. Det viser ein SSB-rapport om livsløpsinntekt, publisert i august i år.

Og det skjer i ein situasjon der vi treng fleire inn i desse yrka. Gutane søker seg ikkje dit, og det er allereie teikn på at færre jenter orkar det.

Det kjønnsdelte arbeidslivet har vist seg veldig tungt å endre. Heile 71 prosent av dei som jobbar i offentleg sektor, er kvinner. Ni av ti sjukepleiarar er kvinner, ni av ti barnehagelærarar er kvinner og sju av ti grunnskulelærarar er kvinner.

Den danske statsministeren veit at etterspurnaden etter profesjonane i offentleg sektor blir stor, og at lønn er eit viktig verkemiddel for å rekruttere og behalde dei. Dei aller fleste gruppene Mette Fredriksen vil tilgodesjå, er kvinnedominerte. Det er difor ein likelønsdimensjon over dette tiltaket som minner om Likelønnskommisjonen (2008) sitt forslag om ein likelønspott.

Eitt av slagorda i likelønnstreiken på Island for nokre veker sidan var at kvinnedominerte yrke må få lik lønnsutteljing som dei mannsdominerte. Alle kvinner og mange menn slutta opp om streiken på sagaøya – sjølv statsministeren la ned arbeidet.

Kvifor så stille i Norge?

For likelønsgapet endrar seg ikkje, trass i åtvaring frå forskarar, politiske kommentatorar og fagrørsla. Frustrasjonen kjem ikkje minst fram i tariffoppgjera. Ein Unio-streik i 2021 og ein lærarstreik i 2022 gjorde ikkje likelønnsgapet mindre. Tvert om. I år er likelønnsgapet nokre prosentpoeng større enn i fjor.

Unio sin kamp for å løfte lønna til dei med høgare utdanning i offentleg sektor er også ein likelønnskamp. Men når ramma som blir sett i frontfaget blir ein fasit og ikkje ei norm for oppgjera for offentleg sektor, sementerer det lønnsforskjellane år etter år.

Eller som DN-kommentator Anita Hoemsnes spurde retorisk før lønsoppgjeret for to år sidan: «Er det kvinnene i offentleg sektor som betaler prisen for at den mannstunge industrien skal opprettholde sin konkurransekraft mot utlandet?» (28. august 2020).

No er det partsamansette «Frontfagmodellutvalet» (Holden IV) godt i gang med å gjere greie for «dei økonomiske og arbeidsmessige utfordringane fram mot 2050». Det gjenstår å sjå om dette utvalet har tatt innover seg desse utfordringane. I motsett fall vil det framleis vere slik Anita Hoemsnes konkluderer i DN 12. mars:

«Konsekvensen av økende lønnsgap mellom privat og offentlig sektor for høyt utdannede kan være at ansatte i offentlig sektor forsvinner til bedre betalte jobber i privat sektor. Det er dem vel unt, men kan føre til enda større mangel på hender i offentlig sektor.»

Løysinga krev handling frå politikarar og det krev noko av oss – partane i arbeidslivet.

Tunge aktørar kan ikkje berre seie nei, men erkjenne at dette er eit samfunnsproblem vi må stå saman om å løyse.

(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.